Denne sangen er framført av Roger Hemnes.
Sangen handler om hvor stort det er å få se Gud.
Tekst
Deg å få skoda er sæla å nå
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå
ver du for tanken min dyraste skatt
ljoset som strålar ved dag og ved natt
Ver du min visdom, mi sanning og trøyst
tal du det levande ord med di røyst
Far, lat meg vere barn her hjå deg
Kom til meg, Herre, ja bu du i meg
Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd
ver du det merke som syner mitt verd
livd for mi sjel, den tryggaste vakt
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt
Rikdom og ære, som menneske gjev
er ikkje meir enn den morknande vev
Du er min arv som varer til sist
himmelske konge, det veit eg for visst
Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der