Denne sangen er framført av Roger Hemnes.
Sangen handler om at Gud først og fremst er vår gode far, og vi er hans barn!
Tekst
No skal du få vera barn og ikkje tenar
No skal du få vere liten, ikkje stor
Ingen spør deg kva du syns og kva du meinar
Det e`kje du som skal forsvare mitt ord
No skal du få sleppa hendene langs sida
Du må`kje tru at du skal bera meg!
Som om eg må haldast oppe heile tida
Ikkje gløym at det er Eg som bere deg
No skal du få vera svak,legg bort din styrke
Eg lever fortsatt, sjølv når du er død
Det er faren når mitt ord blir ditt yrke
Du tenke mest på alle andre du skal fø
No skal du få lov til å lytte, ikkje tale
No kan du ta imot og ikkje gje
Du kan gråte ut for alt som er gått gale
Eg vil halde deg og gje deg av Min fred
Eg ropar igjen, har prøvd så mange gongar
Eg elskar deg mitt barn, Eg elskar deg!
Du er ikkje uunværleg som min tenar,
Men som mitt barn er du umisteleg!
Tekst: Sølvi Helén Hopland